Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arbeider med å få utvikla ei løysing for å
sende alle dokument elektronisk mellom sak- og arkivsystem hos offentlege
verksemder. Løysinga har vore i pilotdrift hos Fylkesmannen, fylkeskommunen,
Hornindal kommune og Årdal kommune. I desse dagar er fleire kommunar i Sogn
og Fjordane i ferd med å installere løysinga.
Måla i prosjektet er:
· Utrullering av elektronisk dokumentutveksling til kommunane i Sogn og
Fjordane.
· Fullelektronisk hovudarkiv hos alle prosjektdeltakarar.
· Etablere eit e-forvaltningsnettverk der vi kan dele erfaringar og
kompetanse på tvers av forvaltningsnivå og uavhengig av kva sak og
arkivssystem ein har. Nettverket er tenkt for arkivpersonale, it-personale
og leiarar i kommunane, fylkeskommune, Fylkesmannen og fylkesarkivet.
Informasjon og nyhende om prosjektet vil verte lagt ut på eFylke.no